Det syner seg at årsaka til det som vert oppfatta som forureining for ein stor del er skum som oppstår i samband med levering av fisk ved fiskemottaket i indre hamn i Fosnavåg. Ut for Moltu i Herøyfjorden er årsaka den same i samband med levering av fisk frå mindre båtar til fraktefartøy. At det dannar seg skum i samband med dette kan vanskeleg unngåast. Delvis kjem skummet også av temperaturforskjell mellom det som vert pumpa og temperaturen i sjøen. På grunnlag av ovanståande kan ein frå kommunen si side ikkje sjå at dette medfører den store forureiningsfaren sjølv om det ikkje ser noko fint ut. Det syner seg elles at naturen ordnar opp og at skummet forsvinn etter rimeleg kort tid. Konklusjonen er såleis at så lenge vi bur i ei fiskerikommune må vi pårekne at dette problemet oppstår no og då.
Kommunen føreset imidlertid at både båtar og fiskemottak framleis sørgjer for at utsleppet vert minst mogleg slik at ulempene vert redusert til eit minimum. Ein gjer elles merksam på at det i følgje Forureiningslova er forureinar som er ansvarleg for å rydde opp etter seg dersom det skulle vere naudsynt.
Anleggs- og driftsleiaren