BESØK AV RIBO

Bu- og habiliteringsavdelinga fekk besøk av RIBO- ei spesiell bedrift.
Bu- og habiliteringsavdelinga som har vore så heldige å få kjøpe tenester frå RIBO, fekk fint besøk av bedrifta; i strålande sunnmørsk solskinnsver. Ketil Johansen avdelingleiar for RIBO og Leif Karlsen frå Vev-al-plast fortalde nærare om breidda i tilbodet, til imponerte tilhøyrarar.
Bu og habiliteringsavdelinga hadde invitert representantar frå omkringliggande kommunar, og habiliteringstgenesta i Ålesund, som også fekk høyre om det flotte tilbodet. Eit tilbod som truleg er unikt i Norge!
RIBO ligg i Saltdal kommune i Nordland. Senteret består i dag av tre avdelingar; RIBO Attføring, RIBO Ungdom og RIBO Prosjekt. Deltakarane er menneske med ulike psykososiale problemstillingar og søkjast hovudsakleg inn via NAV, helseforetak og kommunar.
RIBO gir saman med Vev-Al-Plast A/S eit utradisjonelt attføring- og habiliteringstilbod for deltakarar som av ulike grunnar har falt utenom eller ut av dei tradisjonelle opplæring- og behandlingstilboda.
Dei som kan tenke seg å lese meir om RIBO, kan gå inn på følgjande link
http://www.ribo-att.no/om
Tekst :Renathe Rossi-Kaldhol
Foto: Ann-Iren Remøy