Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Herøy kommune Sentralbord:70 08 13 00
Servicetorg: 70 08 13 11
postmottak@heroy.kommune.no
Du er her: FramsidaHopp over navigasjonskoblinger
Gå til hovedinnhold
View Part 

Om Herøy kommune

Engels flagg Info English Tysk flagg Info Deutsch

Øykommunen Herøy har Sunnmørsalpane som bakgrunn og storhavet som næraste nabo. Seks av dei åtte øyane i kommunen er knytte saman med bruer.

Fosnavåg - byen ved Runde

Fosnavåg, byen ved Runde, er kommunesenter i ein av dei største fiskerikommunane i landet. Kystbyen Fosnavåg blir og omtalt som den mest innovative byen i Norge på grunn av utviklinga innan offshorefarty (over 100 offshorefarty og åtte offshore-reiarlag).

Med naturhamna si er Fosnavåg ein by der du kan oppleve eit særmerkt kystmiljø.

Herøy, med ca. 8400 innbyggjarar og landareal på ca 135 km2, ligg sørvest for Ålesund. Fly, hurtigbåt, gode vegar og dagleg hurtigruteanløp i Torvik gir lett tilkomst til kommunen både sjø-, luft- og landevegen.

Lengst i vest ligg Runde, den internasjonalt kjende "skatteøya" og det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia. Millionar av sjøfugl har hekkeplassen sin her. På grunn av særpreget sitt er øya freda, men daglege omvisningsturar med båt rundt fuglefjellet, guida fotturar og lett tilkomst til fots på merka stiar, gir høve til å oppleve det yrande fuglelivet på nært hald. Her kan du sjå koloniar av lundefugl, lomvi, havsuler og alke, til saman 200 artar, blant dei også den praktfulle havørna.

Ørn i svev

Like utanfor øya vart det for nokre år sidan funne ein eventyrleg myntskatt etter det hollandske skipet "Akerendam". Dykkarar jaktar framleis etter skattar, m.a. gullet frå det spanske skipet "Castillo Negro" som skal ha forlist i 1589.

Akerendam

Du finn meir informasjon om Akerendam og forliset her:
http://www.dokpro.uio.no/umk/funn/runde.html.

Ei anna særmerkt øy er Skorpa med barsk natur og ei stamme av ville geiter.

Herøy har ei rik historie med fleire gamle velhaldne handelsstader, m.a. Kjeldsund, Flåvær og ikkje minst Herøy gard med kystmuseum og Herøyspelet.

Herøy Gard

På Nerlandsøy ligg funnstaden for Kvalsund-båtane frå før Vikingtida
og vi har fleire gravrøyser frå same tida, m.a. Løsetstranda.

Dei mange øyane med variert flora og fauna gir friluftsfolk og sportsfiskarar høve til å få oppfylt ein draum både frå svaberg og båt. Kvifor ikkje oppleve vårtorskefisket her?

Velkomen til Herøy !

Info 
Wenche Moltu 15.01.2010 Tips en venn om denne siden via en e-post Tips en venn Registrer en elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne siden Skriv ut
Artikkel - rediger