17. mai-feiring ved Leikanger barnehage

Klikk for stort bileteI år vert det ein annan markering av 17. mai sidan vi ikkje kan vere samla til fest og feiring med barnetog, masse is, leik og moro. Men vi i Leikanger barnehage har likevel vektlagd å snakke om kva 17. mai er for noko, kvifor vi feirar. Og så har vi hatt ulike formingsaktivitetar knytt til dette. Og i dag gjekk vi i tog med rosarussane fremst, russerop og flagg. Litt leikar etterpå og så avsluttar vi med raud gele og vaniljesaus. Vi ynskjer alle ei fin markering av grunnlovsdagen vår.