Utsikt mot Mjølstadneset, der cruiseskipet National Geographic Endurance legg til kai 27. mai.
Svein Arne Orvik
Tysdag 27. mai får vi storfint i Herøy besøk når cruiseskipet National Geographic Endurance kjem til Fosnavåg næringspark på Mjølstadneset. Ombord er rundt 110 cruisegjester.
Dette er ei stor og spennande hending for både kommunen og heile regionen, og vi håpar så mange som mogleg vil vere med og markere dette saman med oss!
Skipet ligg til kai frå klokka 07.00 til 18.00. Vi samlast på Mjølstadneset når skipet kjem inn på morgonen – kom gjerne i god tid.
Vi oppmodar alle til å møte opp – gjerne med norske flagg – og bli med på å ønske våre første cruisegjester hjarteleg velkomne til Fosnavåg. Vel møtt!
Frå før er det kjent at National Geographic Endurance kjem til Herøy 30. juni. Besøket 27. mai blir dermed det første cruiseanløpet i Fosnavåg næringspark.
National Geographic Endurance blir brukt til ekspedisjonar i ulike verdshjørne. Skipet er 124,4 meter langt og kan ha eit mannskap på opptil 116 personar. Passasjerkapasiteten er på 138 gjester. Ekspedisjonsskipet er bygd ved Ulstein Verft og stod ferdig i 2020.
National Geographic Endurance ved Ulstein Verft, der skipet er bygd.
Svein Arne Orvik