3. dose til aldersgruppa 65+

Vi startar med vaksinasjon av aldersgruppa 65+ som skal ha 3. dose i november.

Vi startar å vaksinere dei som bur i omsorgsbustad og institusjon første veka i november. Deretter går vi i gang med alle andre i aldersgruppa som skal ha 3. dose. Dei første får innkalling måndag 8. november.

Du som er i denne aldersgruppa får personleg innkalling for når du skal møte. 

Vaksinasjon skjer i kyrkjekjellaren, Ytre Herøy kyrkje.

Vi passar på at du får den til rett tid. Det vil seie minst 6 månader etter 2. dose. 

Alle som er 65+ får Pfizer-vaksinen.