35 utrykkingar til nattbrannar i Møre og Romsdal

Klikk for stort bilete  

Tre gongar i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Møre og Romsdal. No står brannhøgtida for døra igjen.

Brannvesenet i Møre og Romsdal rykte ut til 35 bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt rett under tre nattbrannar kvar einaste månad - heile året igjennom - berre i fylket vårt. No bed brannsjefen om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månader.

- Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt fyllest opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redde seg sjølv og dei ein bur saman med, seier brannsjef i Herøy kommune, Tore Langvatn.

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrer varslaren godt, sier Langvatn.

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

- Vi trekkjer innandørs, fyrar i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg, seier Langvatn.

Lokale arrangement

Herøy brann og redning blir i løpet av desember månad å finne på stands rundt omkring i kommuna, og i tillegg utføre enkelte tilsyn i bustadar kor dette er ynskjeleg. På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt:

Tore Langvatn. Brannsjef. Tlf: 99210003
John Normann Pettersen. Leiar førebyggande. Tlf: 99210002

Fakta:

Totalt har brannvesenet rykt ut 907 gongar til bustadbrannar mellom kl 23 og 07 i løpet av 2018.

Talet på bustadbrannar på natta per fylke:

Fylke

Tal

Oslo

207

Trøndelag

75

Hordaland

69

Akershus

58

Rogaland

58

Vestfold

50

Vest-Agder

45

Nordland

43

Østfold

41

Oppland

38

Buskerud

36

Møre og Romsdal

35

Aust-Agder

34

Telemark

32

Finnmark

28

Hedmark

26

Troms

20

Sogn og Fjordane

12

Totalt

907