5,7 millionar i koronastøtte til kulturlivet

Stimuleringsordninga skal mellom anna bidra til produksjon og formidling av profesjonell kunst og kultur. Illustrasjonsfoto: Herøyspelet av Eivind M. Sævik Det er klart for nye stimuleringsordningar for kulturlivet i Møre og Romsdal.

No kan profesjonelle, frivillige, og aktørar som jobbar med kulturarv i reiseliv og kulturelle og kreative næringar søkje om tilskot frå ein sum på 5,7 millionar kroner. Ordningane er oppretta for å bidra til å redusere dei økonomiske og driftsmessige konsekvensane pandemien har på kulturfeltet.

- Pandemien legg framleis ein dempar for aktivitet i kulturlivet. For å sikre eit aktivt og godt kulturliv i Møre og Romsdal legg vi no fram nye stimuleringsordningar, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen

Fire ordningar

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut fire ulike ordningar for å skape aktivitet i kulturlivet:

  • Stimuleringsordning for det frivillige kulturlivet

  • Stimuleringsordning for det profesjonelle kulturlivet

  • Stimuleringsordning for kulturarv og reiseliv i Møre og Romsdal

  • Stimuleringsordning for nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar i Møre og Romsdal

Desse har som mål å skape aktivitet, bidra til produksjon og formidling, stimulere til næring basert på kulturarv og økonomisk verdiskaping innan kulturelle og kreative næringar. Saman skal dei bidra til meir aktivitet innan dei ulike kulturfelta.

Søknadsfristen er 17. juni. Søknadsskjema er på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.

Lenkjer

Stimuleringsordning for det frivillige kulturlivet

Stimuleringsordning for det profesjonelle kulturlivet

Stimuleringsordning for kulturarv og reiseliv

Stimuleringsordning for nyskaping og bransjeutvikling innan kulturelle og kreative næringar