64 branndøde i Møre og Romsdal sidan år 2000

Røykvarsler - Klikk for stort bileteRøykvarsler

I perioden 2000 til 2017 var det 2 688 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 342 brannar, og desember med 296. Tre personar er så langt i år omkomne i brann i Møre og Romsdal.

- Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å byte batteri 1. desember, som er Røykvarslardagen, seier John Normann Pettersen hjå Herøy brann og redning.

Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. Ein gjer elles merksam på tilhøve kring røykspredning og detektering ved plassering og omfang av røykvarslarar. Planløysing, romfunksjon og brannbelastning vil i dei fleste tilfelle medføre behov for fleire røykvarslarar.

Røykvarslerbatteri. - Klikk for stort bileteRøykvarslerbatteri.

Kople røykvarslarane saman

- Røykvarslarane bør være av type seriekopla, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, seier Pettersen.
Røykvarslarar bør testast jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det aukar levetida til varslaren.

40 000 bustadkontrollar

Om lag 40 000 husstandar over heile landet får 4. - 6. desember besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden.

- Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som bur i huset er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på, seier Pettersen.

Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Kontaktpersonar lokalt:

Tore Langvatn, konstituert brannsjef. 

John Normann Pettersen, leiar førebyggande.