«71 grader nord – Norges tøffeste kjendis» på Herøy gard

«71 grader nord – Noregs tøffaste kjendis» under innspelinga ved Herøy gard. Ein god grunn til å følgje med prgrammet til hausten er å sjå kva som skjedde då dei kom til Herøy. Eileen Gjerde Produksjonen til «71 grader nord – Norges tøffeste kjendis» var denne veka innom Herøy gard. Resultatet ser du i neste sesong, men du må vente til hausten.

- Resultatet gler vi oss til å sjå på fjernsyn, seier Eileen Gjerde, avdelingsleiar ved Herøy gard, engasjert.

Ein litt fuktig, sunnmørsk vårdag var det som venta deltakarane i årets utgåve av «71 grader nord – Norges tøffeste kjendis» då gjengen kom til Herøy gard onsdag 11. mai. Dei segla inn Flåværleia med det nyaste skipet til kystruten Havila Castor, og etter å ha helsa reiarlagkontoret på Mjølstadneset, gjekk dei til Torvik og vart frakta direkte til kystmuseet.

For at dei ikkje skulle sjå kva oppgåver produksjonen hadde gjort klart, vart dei frakta inn i sjøbua med bind for auga. Mellom opptaka hadde deltakarane base i Ishavsgalleriet, produksjonen i hovudhuset og programleiar Tom Stiansen i bestestova til handelsmann Olsen. Konkurransane gjekk føre seg på tunet mellom husa.

Full fart frå morgon til kveld

Ein såpass stor produksjon har fleire titals personar i ulike funksjonar, og desse har base på Havila-hotellet Ivar Aasen i Ørsta under filminga på Sunnmøre. Produsent, Eirik Hamre, frå Nordisk Film TV møtte Helen Sivertstøl frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og avdelingsleiar på Herøy gard, Eileen Gjerde, tidleg onsdag morgon for planlegging og klargjering før filminga skulle starte. Han kunne fortelje at produksjonen er på reise om lag éin månad til saman, og at dei i tillegg til konkurransane, fokuserer på samarbeid og unike naturopplevingar på vegen til Nordkapp, som er det endelege målet.

Eileen Gjerde er avdelingsleiar ved Herøy gard. Iselin Nevstad Øvrelid Av og til er det nest beste det beste

Det låg ikkje i dei opphavlege planane til «71 grader nord» å kome til Herøy denne gongen. Det var veret som hindra dei å gjennomføre konkurransen slik det var tenkt, og kystmuseet vart valt som ein god alternativ arena. Sikkerheitsteamet var tidleg på plass for å utførte testar før konkurransen starta, og for å sikre at deltakarane og programleiaren var trygge under gjennomføringa. Vi kan sjølvsagt ikkje røpe noko frå konkurransane, men kan seie såpass at det som skjedde på Herøy var ei viktig førebuing til det som skal skje seinare i konkurransen.

- Herøy kystmuseum takkar for besøket, og håpar at staden vi er så stolt av, vert vist fram frå si beste side, og at nye gjestar finn vegen til Havlandet og regionen vår, når programmet har vore på lufta i oktober, seier Eileen Gjerde muntert.

Då er det berre å gle seg!