Tema for samlinga
Tema for dagen var blant anna å forebygge brann. Herøy brann og redning vart representert av Phillip Kessler- Myking og Lene Utseth. Her fekk dei frammøtte viktig og god informasjon om korleis ein på best mogleg måte kan forebygge brann ved å vurdere potensielle brannfarlege situasjonar, kven ein kan ta kontakt med dersom brukarane av tenesta har moglege brannfarlege apparat i heimen sin og kvar/korleis få utbetre feila. Det vart tid til gode diskusjonar, fleire interessante tema og ein god lunsj i lag.
Støttekontakten si rolle i kvardagen
Dei fleste eldre ynskjer å bu lengst mogleg i eigen heim og då er støttekontakttenesta viktig for mange. Fleire brukarar av tenesta har sagt at dei ikkje kunne ha klart seg heime utan hjelp frå støttekontakten. Tenesta er med på å bidra til blant anna hjelp til å kome seg ut til sosialt samvær, gå tur, besøk på kafé, vere med til kino/ konserter og hjelp til å handle inn daglegvarer.
Vi treng fleire støttekontaktar
Støttekontaktane er ein viktig ressurs for kommunen og vi treng gjerne fleire støttekontaktar. Ta kontakt med støttekontaktansvarlege i kommunen for meir informasjon dersom du kan bidra. Du kan også lese om ordninga her.
Støttekontaktene samla på Sanitetshuset.
Camilla Kvalsvik Aksnes
Takk til alle støttekontaktar for den viktige innsatsen dykk gjer som er med på å bidra til ein tryggare og enklare kvardag for brukarane av tenesta.