AstraZeneca-vaksinen til Herøy neste veke

Klikk for stort bileteKari-Janne Ljones Kulø: Leiande helsesjukepleiar og vaksinasjonskoordinator. Iselin Nevstad Øvrelid Herøy kommune fekk i går kveld melding om at vi får om lag 100 dosar av den nye AstraZeneca-vaksinen neste veke. Den kjem i tillegg til Pfizer/BioNTech-vaksinen som vi har brukt frå start.

- Norske helsestyresmakter har bestemt at dosane av AstraZeneca-vaksinen som kjem i veke 8, neste veke, til fleire norske kommunar, utelukkande skal gå til helsepersonell i første omgang. Det er venta at Noreg får auka leveranse av AstraZeneca-vaksinen framover. Då vil fleire helsepersonell få vaksinen raskare enn først antatt, seier vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø. 

I tillegg til denne vaksinetypen får Herøy kommune også Pfizer/BioNTech- vaksinen neste veke som vi har brukt sidan starten på vaksinasjon i veke 1. For veke 8 får vi færre dosar av denne type vaksine, og det betyr at om lag 90 personar får andre dose neste veke. 

- Sidan vi får færre vaksinar av Pfizer/BioNTech neste veke,er det berre nok til dei som skal ha andre dose.Vi har litt over 100 personar att på lista over 80 år vi skal ringe til for å tildele time. Det betyr at nokre må vente litt til før dei får telefon frå servicetorget om time for vaksinasjon, fortel Ljones Kulø.

Herøy kommune kjem tilbake med meir informasjon for vaksinasjon i veke ni og utover når vi får nærmare informasjon frå norske helsestyresmakter (FHI).

- Alle vaksinar vi får til kommunen blir satt fortløpande, avsluttar Kari-Janne Ljones Kulø.

Les meir om den nye vaksinetypen her: Er du helsepersonell og/eller ventar på vaksine?