Åtvaring – ny app som lokkar borna til å eksponere seg digitalt

Klikk for stort bilete

 Beredskapsteamet mot mobbing i Herøy har fått varsel om at her er ein ny app som elevar og foreldre treng åtvaring mot. 

Dette er ikkje ein «mobbeapp», men vi vil likevel åtvare på det sterkast mot å bruke den, då den er inngangsport for seksuell utnytting og overgrep.
- Vi har fått melding om at appen er blitt populær mellom barn i barneskulealder i Herøy, til tross for 18 års aldersgrense, seier Hilde Hestås i beredskapsteamet i Herøy.


Appen heiter «omegle» og er ein app for tekst og videochat anonymt med menneske frå over 190 land i verda. Appen har 18 års aldersgrense, fordi den opnar for direkte videochat med framande menneske frå alle verdshjørne.
I følgje politiet si nettpatrulje er appen ein av dei plattformane som er hyppig i bruk som inngangsport for overgriparar som jaktar på barn og unge. Ein kan lett få kontakt med barn og flytte kommunikasjonen over på anna plattform når kontakt er etablert ( grooming).


Barn og unge har rundt om i landet vore utsett for seksuell utpressing og overgrep etter at dei har nytta denne appen og eksponert seg sjølv uheldig på nett.
Vi tek opp att tryggleiksregel nr 1 for barn på nett: 


«Ikkje ta kontakt eller la framande ta kontakt med deg på nettet.»
Vi vaksne må hjelpe barna/ungdommane våre med å styre unna slike appar. Dei verkar spennande, men barn og unge ser kanskje ikkje farene dei utset seg for.