Barnehagar og skular/ SFO i påskeveka og etter påske

Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Pixabay

I påvente av regjeringa si melding om barnehage og skule etter påske, gjekk vi ut med informasjon om at 14.april skulle vere planleggingsdag.

Når vi no veit at barnehagane skal opne 20.april og 1.-4.trinn i skule, samt SFO, skal opne 27.april gjeld dette framover:

Omsorgstilboda som vert gitt i samsvar med unntaksreglane, vert slik:

Barnehage: Det vert gitt tilbod om omsorgsplass i tråd med kriteria basert på kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særlege behov, i perioden frå og med 14.april til og med 17.april. Etter ei nærare vurdering, kan det også bli gitt tilbod til barn i sårbare livssituasjonar. Vurdering av om ein har rett på omsorgsplass, vert gjort etter informasjon og rutinar på heimesida.

Skule/SFO: Det vert gitt tilbod etter same kriteria som barnehage, men i perioden frå og med 14.april til og med 24.april. I same periode vert det digital heimeskule for alle årstrinn. Etter 27.april vert det digital heimeskule for 5.-10.trinn.

Ved behov for omsorgstilbod, må kriteria og rutinane for dette følgjast. Sjå heimesida her under samfunnskritiske funksjonar.

Også i påskeveka, vil ein vurdere å gjere unntak for barn til helsepersonell som vere på jobb på grunn av korona-pandemien  - og som ikkje har anna barnepass.

Slike unntak skal vurderast og meldast gjennom aktuell avdelingsleiar innan Helse og omsorg.

Ved ekstraordinære hendingar i påskedagane, har barnehage og SFO beredskap.