Barnehageopptaket 2019

Klikk for stort bilete Herøy kommune gjennomførde samordna barnehageopptak 8. mars 2019. Samordna barnehageopptak vil sei at alle styrarane og seksjonsleiar barnehage går gjennom alle søknadane og tildeler plass  der det er muleg. På denne måten sikrar ein at ein samarbeider om opptaket og sikrar likebehandling av barn og likebehandling av kommunale og private barnehagar. Det vert lagt stor vekt på brukarane sine ynskjer og behov.

Ved hovudopptaket 2019 kom det inn 74 søknader. I opptaksmøtet vart det tildelt plass til 74 barn. Alle fekk tildelt plass ved den barnehagen dei sette som 1. prioritet.   Alle skal ha fått sms eller brev om kva tildelt plass barnet fekk og kva for barnehage. Føresette må svare på om dei tek imot plassen eller ikkje ved å gå inn på ei lenke . Dei som ikkje bur i kommunen må sei frå på epost til seksjonsleiar barnehage slik at dei får eit tildelingsbrev med svarslipp på.

Mange av barnehagane har framleis ledige plassar.

Herøy kommune har ved dette full barnehagedekning, dvs at alle som ynskjer plass i barnehage får det.

Kommunen har plikt til å tilby barnehageplass til dei som har rett til plass innanfor kommunegrensen i den kommunen ein er busett dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket..

Herøy kommune minner om at det er muleg å søke om redusert foreldrebetaling. Det er familien si samla inntekt som avgjer om ein har rett til redusert foreldrebetaling for barn i barnehage. Regelen er at ingen skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Søknadsskjema og informasjon om søknad om redusert foreldrebetaleing finn ein på Herøy kommune si heimeside.

Husk å søke om redusert foreldrebetaling i god tid før neste barnehageår tek til. Då sikrar du at du får rett faktura allereie frå august månad.