Ber folk passe på avstandsreglane

Klikk for stort bilete Pexels.com Herøy brann og redning skal ha brannøving på Leinane laurdag 14. november.

- Grunna den nasjonale smittesituasjon knytt til covid-19 ber vi om at folk held avstand både til kvarandre og brannmannskap under brannøvinga på Leinane laurdag, seier Rolf-Henning Skrede Hide som er leiar for beredskap i Herøy brann og redning.

- Pass på!

Han seier at barn ofte har lyst å kome nær for å sjå på brannbilane, men ber foreldre om å passe ekstra på.

- Det er i tillegg til smittevern veldig viktig å halde avstand til brannen og øvinga generelt når ein ferdast i området, legg han til. 

Klikk for stort bileteRolf-Henning Skrede Hide er leiar for beredskap i Herøy brann og redning. Iselin Nevstad Øvrelid

Om øvinga

Gamlevegen på Leinane vert sperra av frå laurdag morgon av (14. november) og utover.

Ein brannbil skal stå nede på vegen, for så å setje opp ein vassvegg framfor garasjen på naboeiegdomen og ved nabohuset, som vert kopla på ved behov.

På motsett side vil det stå mannskap med vass-slangar.

Ein ber elles alle på Leinane om å halde ytterdører og vindauge stengde medan øvinga held på.