Pengane frå tv-aksjonen går i år til å gi barn frå krigsherja område ei framtid. Hjelpa går til krigsramma barn i Noreg og rundt om i verda: Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan og Den demokratiske republikken Kongo.
Sjølve aksjonsdagen er i år 22. oktober.
– Tv-aksjonen går til ei viktig sak. Eg håper at skular og barnehagar er med som før og at næringslivet støttar opp endå meir aktivt. Eg oppmodar også til at folk deltek på ulike arrangement, opprettar eigne digitale bøsser og sender bøssene til alle dei kjenner, seier ordførar Bjørn Prytz.
Kva er digital bøsse?
Ei digital bøsse er ei personleg innsamlingsside på nett. Bøssa blir oppretta når du registrerer deg. Kvar digitale bøsse har si eiga unike nettadresse på spleis.no.
Du samlar inn pengar ved å dele den digitale bøssa i sosiale medium, på SMS eller ansikt til ansikt. Vi oppfordrar deg til å opprette ei bøsse og dele ho med venner, familie, naboar og andre kjente.
Dei som skal gi til den digitale bøssa kan bruke bankkort eller Vipps.
Både privatpersonar og organisasjonar (lag, foreiningar og bedrifter) kan opprette digital bøsse.
Vil du ha besøk av bøsseberar, må du bestille
Fordi vi går over til digitale bøsser, må du gi beskjed dersom du vil ha besøk av ein bøsseberar på døra. Ønsker du besøk, må du ringe 99 21 00 20. Du må ringe seinast 15. oktober.
Ringer du, så stiller vi!
Sparebanken Møre er vår tellebank for det som blir samla inn på dørene.
Arranger ein innsamlingsaktivitet
Komiteen vil oppmode lag, foreiningar og verksemder i Herøy om å arrangere aktivitetar som gir inntekter til TV-aksjonen.
Sist det var tv-aksjon, var det mange aktivitetar – i barnehage, skule og andre stadar.
Har du ein aktivitet du vil gjennomføre? Vi hjelper deg med utstyr.
– Ta kontakt med oss for å brosjyrar, plakatar og t-skjorter om tv-aksjonen. Ring på 99 21 00 20 eller kom til frivilligsentralen og hent, seier Brit Paulsen, leiar for frivilligsentralen.
Du kan lese meir om tv-aksjonen på tvaksjonen.no.