Bli med og marker årets varmaste dag!

Bak frå venstre: kommunedirektør Trond Arne Aglen, kommunalsjef kultur og oppvekst Sølvi Lillebø Remøy, MOT-coach Karoline Velsvik Sivertsen, MOT-coach Renate Zahl, MOT-coach Nina Kvamme Slettestøl og ordførar Bjørn Prytz. Framme: MOT-coach og koordinator Mona-Grethe Ryssevik og MOT-coach Synnøve Kalleklev. - Klikk for stort bileteBak frå venstre: kommunedirektør Trond Arne Aglen, kommunalsjef kultur og oppvekst Sølvi Lillebø Remøy, MOT-coach Karoline Velsvik Sivertsen, MOT-coach Renate Zahl, MOT-coach Nina Kvamme Slettestøl og ordførar Bjørn Prytz. Framme: MOT-coach og koordinator Mona-Grethe Ryssevik og MOT-coach Synnøve Kalleklev. Thomas Sporsheim

Onsdag 23. november blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet med eit mål for auget: Spreie glede!

MOT til å glede-dagen er ei ekstra bevisstgjering på å ha mot til å bry seg, og det blir gjennomført glede-aktivitetar på skular og lokalsamfunn over heile landet. Herøy kommune er MOT-kommune og markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen.

Det blir blant anna kåring av Årets Gledesspreiar 2022!

Prisen går til den/dei som gjer det «lille ekstra» og som ofte spreier smil og glede. Det blir utdeling på begge ungdomsskulane og måndag fekk Stine Nedreberg Runde prisen på rådhuset til si store overrasking.

- Det er svært gledeleg at det var så mange nominerte. Det betyr at det er mange gledespreiarar her på rådhuset, seier MOT-koordinator Mona-Grethe Ryssevik.

Årets MOT til å glede-prisen blant dei tilsette på rådhuset tildelt Stine Nedreberg Runde.  - Klikk for stort bileteÅrets MOT til å glede-prisen blant dei tilsette på rådhuset vart tildelt Stine Nedreberg Runde. Thomas Sporsheim

Betyr meir enn du trur!

MOT ynskjer å skape eit varmare og tryggare samfunn – der alle blir sett og inkludert. Vi har alle eit ansvar for å bidra til dette, så kvifor ikkje ta del i MOT til å glede-dagen, og gjere ein liten innsats? Det kan bety meir enn du trur!

- Dagen handlar om å glede andre med enkle midlar. Eg vil utfordre alle til å glede nokon dei møter 23.november. Sei hei til naboen, smil til alle på din veg, ta en telefon til en ven du ikkje har sett på ei stund, besøk bestemor, fortel vener kvifor du set pris på dei eller gjer noko hyggeleg for en framand? Moglegheitene er uendelege, seier Ryssevik.

MOT-koordinatoren meiner at alle har eit ansvar for å skape eit trygt samfunn og vil oppfordre alle til å tenke litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-dag.

- Kjenner du nokon som sit aleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gi eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det, seier ho og trur at med litt meir mot så vert verdien stor.

- Dersom kvar og ein bidreg til å spreie litt glede, store som små, trur og håpar vi at vi saman klarer å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn, avsluttar Mona-Grethe Ryssevik.

Kort informasjon om MOT Norge og MOT til å glede-dagen:

  • MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004.
  • Over 75000 elever har MOT på skulen.
  • MOT styrker ungdoms robustheit og mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen.
  • Undersøkingar viser at MOT på skulen bidreg til mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste ven, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.

For ytterlegare kommentarar eller meir informasjon:

Mona-Grethe Ryssevik, tlf nr: 95465858