Bli med på romjulstreff!

Klikk for stort bileteFiskarkona i Fosnavåg Øyvind Kåre Sunde Måndag 30. desember vert det romjulstreff for herøyværingar som tenkjer på å flytte heim att, eller for dei som er i tvil om dei skal halde fram med å bu her.

Tid:        Måndag 30. desember  kl 1500-1700

Stad:     Herøy kulturhus.

I romjula vil Herøy kommune prøve å få i tale ein del av dykk som bur vekke og vurderer å flytte heim att. I tillegg er vi interessert i å høyre frå frå ungdomar og unge vaksne kvifor fleire vel å busette seg i Ulstein framfor heimkommunen.

- Kva betyr mest, og kva må til for at utflytta herøyværingar kan tenke seg å flytte heim igjen, og kva kan /bør kommunen bidra med?

- Korleis kan kommunen best legge til rette for at ungdom skal busette seg i Herøy framfor i nabokommunar?

Er du i målgruppa, eller har synspunkt på dette, ynskjer vi deg hjarteleg velkomen til romjulssamlinga på Herøy kulturhus.

Vi har alliert oss med nokre som vil innleie om temaet og fortelje om sine val.  Vi får også besøk av representantar frå Havila og Metisoft som vil fortelje litt om korleis dei ser på framtida.

Arve Kvalsvik har forska på beslekta tema og vil bidra med sine erfaringar og synspunkt. Næringslivssjefen i Havlandet AS, Merethe Hjertø Flusund, stiller også for å informere om Havlandet si rolle i næringsutviklinga i Herøy og regionen vår.

Har du noko å bidra med, går du med tankar om å flytte heim , eller tel på knappane kor du skal busette deg i regionen, er du heilt klart i målgruppa for dei vi ynskjer å få i tale på romjulssamlinga. Sjølvsagt er også andre interesserte hjarteleg velkomne.

Vel møtt til romjulssamlinga!

Karl-Oskar, Carl-Henrik, Gunn-Lise, Jan, Ingvill , Pål og Bjørn.

Har du ikkje anledning til å kome? Send gjerne innspel til: bjorn-halvor.prytz@heroy.kommune.no

Har du spørsmål?

Kontakt: 
Bjørn Prytz: 473 931 08
Karl-Oskar Sævik: 911 20 525