Bli med på temakafé i haust

Temakaféane for heimebuande eldre over 67 år er populære. Her er datoane og programmet for hausten 2023.

Eit smilande eldre par. - Klikk for stort bileteTa med godt humør og møt på temakaféen. AdobeStock

Ein temakafé startar klokka 13.00 og varer i to timar. Det er gratis inngang og det vert høve til å kjøpe kaffi og kake (50 kroner). For at vi skal vite kor mange som kjem, er det viktig at du melder deg på. 

Du melder deg på ved å ringe 992 29 982 seinast torsdagen før arrangementet. Du kan ringe på kvardagar fram til klokka 15.00. 

Programmet for hausten 2023 er spanande og variert: 

 

Magnar Hjertenæs fortel og viser bilete: Kvinneliv i Herøy – bilete frå samlinga etter fotograf A. Berge 

Fredag 15. september – Sanitetshuset 

Fredag 22. september – Bygdestova i Myrvåg 

 

Harald Thorseth fortel og viser bilete: Fosnavåg/Bergsøya 19501980

Fredag 20. oktober – Sanitetshuset

 

Kjartan Haddal, fortel og viser bilete: Moskusane på Gurskøya  eit pust frå fortida

Fredag 27. oktober – Bygdestova Myrvåg

 

Bjørn Prytz og Fred Frantzen, song og musikk

Fredag 17. november – Sanitetshuset

Fredag 24. november – merk ny stad: Myrvåg forsamlingshus (MyFo)

 

Gunder Runde fortel: Livet på 40-/50-talet og korleis ser vi på alderdomen?

Fredag 1. desember – Sanitetshuset

Fredag 8. desember – Bygdestova Myrvåg.

 

Vi ønsker alle velkomne til hyggelege stunder!