Bli med på temakafé i vår

Eit smilande eldre par. - Klikk for stort bileteTa med godt humør og møt på temakaféen. AdobeStock

Temakaféane for heimebuande eldre over 67 år er populære arrangement. No er datoane og programmet for våren 2023 her! 

Ein temakafé startar kl. 13 og varer i to timar. Det er gratis inngang og det vert høve til å kjøpe kaffi og kake.  

For at vi skal vite kor mange som kjem, er det viktig at du melder deg på. Det gjer du ved å ringe 992 29 982 seinast torsdagen før. Du kan ringe fram til kl. 15.  

Programmet for våren 2023 er spanande og inneheld noko for ein kvar smak. Du kan få med deg dei same opplevingane på Sanitetshuset som på Bygdestova i Myrvåg. 

Program 

Magnar Hjertenæs fortel og viser bilete: Kvardagsliv og fest – bilete frå samlinga etter fotograf A. Berge 

Fredag 10. februar – Sanitetshuset 

Fredag 17. februar – Bygdestova i Myrvåg 

  

Gunder Svein Runde: forteljingar om barndommen på Grasøyane fyr 

Fredag 10. mars – Sanitetshuset 

Fredag 17. mars – Bygdestova i Myrvåg 

  

Gunnar og Anton Elveseter: song og musikk 

Fredag 14. april – Sanitetshuset 

Fredag 21. april – Bygdestova i Myrvåg 

  

Knut Arne Høyvik: kåseri 

Fredag 5. mai – Sanitetshuset 

Fredag 12. mai – Bygdestova i Myrvåg 

 

Vi ønsker alle velkomen til ei hyggeleg stund.