Bli med til Grasøyane på temakafé fredag
Svein Arne Orvik
Fredag 10. mars vert det ny temakafé på Sanitetshuset frå klokka 13 til 15. Denne gongen er det Gunder Runde som fortel.
Runde vil fortelje om barndomen sin på Grasøyane fyr. Han budde der i lag med foreldra sine frå 1938 til 1946.
Som vanleg vert det høve til å kjøpe kaffi og kaker.
Målgruppa er heimebuande over 65 år. Hugs å melde deg på innan torsdag klokka 15 til telefonnummeret 99 22 99 82.
Velkomen til ei spanande samling og ei hyggeleg stund saman!
Her får du oversikt over alle temakaféane i vår.