Blir avdelingsleiar for legetenesta

Gry Dragsund-Vike er tilsett i den nyoppretta funksjonen som avdelingsleiar for legetenesta vår.

portrett av Gry Dragsund-Vike - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Ho kjem frå stillinga som seksjonsleiar ved Myrvåg omsorgssenter. Der har ho leia avdeling A og heimetenesta i indre Herøy.

– Det er gjort eit godt arbeid med legeplanen vår i Herøy. Eg gler meg til å halde fram det gode arbeidet og bli kjent med alle i legetenesta, seier Dragsund-Vike.

Dragsund-Vike er sjukepleiar og har vidareutdanna seg i leiing, helserett og saksbehandling, offentleg rett og kommunal økonomi.

– Eg har for det meste jobba i Herøy kommune. Her har eg bakgrunn frå sjukeheim og heimeteneste, og eg har vore bustadkonsulent. Sidan 2015 har eg vore seksjonsleiar, seier ho.

Frå i haust blir legetenesta ei eiga avdeling i kommunen. Dragsund-Vike blir leiaren til alle dei tilsette ved Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Ho skal ha kontorplass begge stadane og byrjar i månadsskiftet august/september.

– Elles bur eg i Fosnavåg, er gift og har tre barn – to av dei vaksne. På fritida er eg glad i å gå på fjellet og å lese bøker, fortel Dragsund-Vike.

Vi gratulerer med den nye stillinga!