Blir det bru eller tunnel?

Klikk for stort bilete

 

Den 9. oktober reiste ei tverrpolitisk arbeidsgruppe til Molde for å diskutere prosjektet som vedkjem kryssing til Nerlandsøya. Ann Kathrin Storøy (personleg vara for Arnulf Goksøyr), Svein Gjelseth, Solveig Båtsvik representerte Herøy kommune og  Jon Aasen, Arild Fuglseth, Kristin Sørheim, Per Ove Nydal møtte frå MR fylke.

Firmaet WSP Norge ved Steinar Nilsen gjekk igjennom utarbeidd rapport og hadde fokus på kva som er bakgrunn for å kjøre ei verdianalyse i dette prosjektet, og kva som har vore  utløysande faktorar. Vidare var det gått gjennom ulike løysingar som har vore vurdert med tilhøyrande grove kostnadsoverslag. Tilslutt vart det presentert ein del oppsummerande konklusjonar med tilhøyrande anbefalingar for vidare utviklingsarbeid.

Viktig med verdianalyse

MR fylke og HK var samde om at verdianalyse er eit viktig dokument for å kome vidare i saka og ein er samde om å følgje dei anbefalingar som er gjengitt i verdianalysa. Det var semje om å sjå nærare på trasevalg, at 20 meter høgde på bru er førande og at tunnelalternativet vert utgreidd utan forutinntatte synspunkt. MR fylke vil søkje kompetansemiljø i Norge som kan bistå i det vidare arbeidet og at det vert gjennomført utvida undersøkelsar for å teste ut tunnelalternativet. Vidare var det diskutert entreprise og konkurranseform utan å gå i detalj, men ein vil knyte kontakt mot selskapet Nye veier AS. Møre og Romsdal fylkeskommune vil også undersøkje om det er mogleg med ekstern delsfinansiering.
 

Oppsummering frå møte:

1.    Kryssing av Vaulen skal skje etter eksisterande trase.
2.    Det skal vere 20 meters seglingshøgd
3.    Betongtunnel skal utgreiast (av uavhengig konsulent).
a.    Det må gjennomførast Seismikk (settast i bestilling so snart det er mogleg)
b.    Det må etablerast eit kostnadsoverslag for betongtunnelløysing.
4.    Samanlikning mellom betongtunnel og bru (dvs bevegleg bru er uaktuelt).
5.    Val av alternativ, her må fylkeskommunen vurdere å nytte funksjonsbeskrivelse ved utlysning.