Born og brannvesen samarbeider om ei trygg juletid!

Klikk for stort bilete

 

Herøy brann og redning skal i november undervise elevar på 6. trinn i barneskulen om grunnleggande brannvern, og dele ut Brannvesenets julekalender. Den inneheld viktig bodskap for adventstida: Korleis få ei trygg og brannfri høgtid.

Vi er ikkje aleine om denne viktige førjulskampanjen. 54 brannvesen deltek på Brannvesenets julekalender. Barneskular i kommunar frå Alta i nord til Kristiansand i sør får tilbod om å delta i det vi meiner er den aller viktigaste julekalendaren.

Farlegast heime

Det er dessverre ikkje utan grunn at så mange brannvesen nyttar av store deler av november til å besøke skulane i sitt nærområde. Dei fleste brannar oppstår i bustadar og vi står no framfor ei travel og kald adventstid:  Vi fyrer i peis og omn, lagar meir mat enn vanleg, pyntar med stearinlys og overbelastar det elektriske anlegget med julelys i alle variantar.

Filmar frå hele landet

Julekalendaren er utforma på tradisjonelt vis med luker som skal opnast kvar dag. Bak kvar luke vil borna finne ei nettadresse til dagens luke i den tilhøyrande nettkalendaren (www.brannvesenetsjulekalender.no). Bak lukene i nettkalenderen ligg det konkurransar,  oppgåver og filmsnuttar. Filmsnuttane er frå brannvesen og born frå ulike stadar i Noreg, og alle innslag formidlar sjølvsagt brannførebygging.

Born er gode ambassadørar

Brannvesenet ynskjer å presisere at det er dei vaksne sitt ansvar å passe på at sløkkemiddel og røykvarslar er på plass, og at brannfarleg pynt og dekorasjon ikkje blir nytta. Brannvesenet er mykje i kontakt med born elles i året og har god erfaring med denne målgruppa som holdningsambassadørar i hus og heim.