Budsjett og økonomiplan: Ta del i prosessenKorleis skal kommunen skaffe og bruke inntektene framover? Det skal dei folkevalde avgjere. Sjå stega i prosessen og ta del! Adobe Stock Artikkelen er sist oppdatert 8. desember.Saka om handlings- og økonomiplan for 2024–2027 inneheld budsjettet for 2024. 14. desember skal kommunestyret vedta handlings- og økonomiplanen. Før det blir saka behandla i dei andre folkevalde organa.Her er dokumenta Les tilrådinga som formannskapet legg fram for formannskapet i saka. Les forslaget som kommunedirektøren først la fram. Dokumenta inneheld blant anna eit budsjett for det neste åretgebyrsatsar for det neste åretein fireårig økonomiplanei prioritering av tiltak for dei komande åraein tiårig investeringsplaneit klimabudsjettMerk: I tillegg til dei gebyra som står i handlings- og økonomiplanen, skal kommunestyret også vedta avfallsgebyr. Her finn du dei foreslåtte satsane for avfallsgebyr. Gangen i saka Slik er gangen i arbeidet med handlings- og økonomiplanen:Først la kommunedirektøren fram sitt forslag til handlings- og økonomiplan. Forslaget frå kommunedirektøren blei behandla av formannskapet 7. november. Formannskapet sende saka ut på høyring. Alle innbyggarar var velkomne til å uttale seg i høyringa. Fristen var 26. november. I løpet av november behandla dei politiske utvala og råda forslaget frå kommunedirektøren.5. desember behandla formannskapet saka på nytt og kom med si tilråding til kommunestyret.Til sist vedtar kommunestyret handlings- og økonomiplanen i møtet den 14. desember. Publisert av Svein Arne Orvik Publisert 08.11.2023 11:30 Sist endra 08.12.2023 11:13