Byggearbeid ved Herøy kulturhus og idrettshall

  
Entreprenør er i full gang med å tette lysfelta i Herøyhallen. Lysfelta som vender mot parkeringsplass skal etter planen vere tetta innan utgangen av veka. Deretter fortsetter arbeidet med lysfelta mot Havila Stadion Fosnavåg. Ferdigstilling av arbeid innandørs i Herøyhallen er planlagt gjennomført i haustferien. 



Herøy kommune har signert kontrakt med Sør Mur AS om fasaderehabilitering av Herøy kulturhus og idrettshall. Samstundes arbeider vi på spreng med etablering av modulbygg for Bergsøy skule Borga. Arbeidet vil for begge prosjekta starte i løpet av september månad.  

Fasaderehabilitering

Fasaderehabiliteringa av Herøy kulturhus og idrettshall vil pågå i nærmare eitt år og inneheld fleire ulike delprosjekt:

1. Fasaderehabiltering
Reperasjon av skader i eksisterande fasade, medrekna etterisolering og ny platekledning i samsvar med skisseprosjekt frå Slyngstad Aamlid Arkitekter AS. 

Skisseforslag Slyngstad Aamlid Arkitekter AS

2. Nye vindauge
Samtlege vindauge i bygget vert erstatta med aluminiumsvindauge.

3. Utvendig solskjerming
Det vert etablert utvendig solskjerming - type screen - for bygget. 

4. Tetting av lysfelt i Herøyhallen
Eksisterande lysfelt i Herøyhallen vert kledd inn med tett yttervegg som resultat. Dagens lysfelt gir sjenerande dagslys for bruken av Herøyhallen. Samstundes har Herøy kommune unødige driftskostnadar til oppvarming på grunn av energitapet via desse lysfelta. Tiltaket er såleis til nytte for både bruken av hallen og energiforbruket i bygget.

5. Ny hovudinngang og nye vindaugsfelt for Herøy folkebibliotek
Sist men ikkje minst får biblioteket eit nytt inngangsparti mot aktivitetsparken og Havila Stadion Fosnavåg. Biblioteket får dermed eit meir funksjonelt inngangsparti i tillegg til at evakuering vert forsvarleg, også for personar med nedsett funksjonsevne. 

Skisseforslag frå Slyngstad Aamlid Arkitekter AS


Modulbygg

Vi arbeidar også med å etablere mellombelse undervisningslokalitetar for Bergsøy skule Borga . Dette er planlagt løyst som 2 modulbygg over 2 etasjar på parkeringsplassen ved Herøy kulturskule i samsvar med situasjonsplanen nedanfor. 

Konsekvensar for publikum

Prosjekta får konsekvensar for brukarane og bruken av Herøy kulturhus og idrettshall. Situasjonsplanen for området syner korleis det vert i byggefasa:

 
Det blir etablert byggegjerde rundt Herøy kulturhus og idrettshall samt nedre parkeringsplass ved Herøy kulturskule. Dette inneber fylgjande:

1. Parkering
Alle besøkande til Herøy kulturhus og idrettshall og området elles, bes om å parkere på oppmerka parkeringsplass ved hovudinngang. 

2. Tilkomst til bygget
Alle som skal til Herøy kulturhus og idrettshall bes om å nytte hovudinngangen ved parkeringsplassen. Ytterdører elles i bygget vert stengt for ordinær bruk og vert utelukkande nytta som rømingsveg ved evakuering. 

3. Rømingsvegar og oppmøteplass ved brann
Ved eventuell evakuering av bygget er oppmøteplass flytta til parkeringsplassen ved hovudinngang og markert med raud sirkel på situasjonsplanen ovanfor. Alle rømingsdører vert haldne opne i byggefasen og evakuering kan såleis skje via hovudingang, sideinngang til kulturskulen og via eksisterande rømingsdører i Herøyhallen. 

4. Trafikkavvikling mm.
Publikum vil også kunne verte forstyrra av anleggstrafikk m.m. til byggeplass. I tillegg vil arbeidet gi både støy og støv i området. Vi kan ikkje unngå dette, men har fokus på at trafikk til og frå byggeplass skal skje på ein forsvarleg og trygg måte for alle. Vi oppmodar difor alle om å ta omsyn til byggearbeidet og såleis bidra til at arbeidet vert gjennomført på forsvarleg vis.  

Nyhendearkiv

08.09.2021
Byggearbeidet ved Herøy kulturhus og idrettshall held fram. I går kom den fyrste leveransen med isolasjon. Vi har no også fått ein overordna framdriftsplan frå entreprenør Sør Mur AS som inneber at det blir arbeid med etterisolering / platekledning / puss i veke 37 til 50. Utskifting av vindu og innsetting av nye dører er tenkt utført i veke 45 til veke 48. Når det gjelder modulbygg, er oppstart grunnarbeid utsatt då vi ikkje har fått naudsynt dokumentasjon på plass for å sende inn søknad om løyve til tiltak. Vi kjem attende med meir informasjon om dette så snart råd. 

27.08.2021
Arbeidet med fasaderehabilitering av Herøy kulturhus og idrettshall starta opp i dag med oppsetting av byggegjerde og rigg ved Herøyhallen. Reint vermessig kunne vi vel ikkje fått betre start. Når det gjeld modulbygg har plan- og byggeutvalet valgt Malthus Uniteam AS som leverandør. No jobbar vi på spreng med nabovarsel for å kunne sende inn søknad om løyve til tiltak. Deretter startar grunnarbeidet snarast råd.   

25.08.2021
Det nærmar seg oppstart for fasaderehabilitering av Herøy kulturhus og idrettshall, og etablering av modulbygg i samme område for Bergsøy skule Borga. Allereie fyrstkomande fredag 27.08.2021 startar arbeidet med byggegjerde og rigg. Vi kjem attende med meir informasjon på denne sida etterkvart som prosjekta skrid fram.