Den nye Pocketparken ved Thon Hotel Fosnavåg

De har kanskje lagt merke til at uteseksjonen i kommunen har utført arbeid med å legge stein på eit område rett overfor Thon Hotel Fosnavåg?

Klikk for stort bileteDen nye Pocketparken ved Thon Hotel Fosnavåg

No er området ferdig, og det vart veldig flott !  Det har vorte sett ut benkar, krukker og eit bordtennisbord.  Benkane er det prosjektet "Utsikten" som har laga og krukka er det kunstnaren  Sven Currak som har mala.  Det nye området vert kalla Pocketparken.  

Dersom de har lyst til å spele bordtennis, så er det gratis utlån av bordtennisracketar og ballar i resepsjonen på Thon Hotel Fosnavåg.

NB:  Ikkje spring ut i vegen etter ballen, sjå deg godt føre.

Herøy kommune håper dette er eit positivt tiltak som fører til meir aktivitet i sentrum.Klikk for stort bileteKjekt med bordtennis