Desse fekk prisane under Kulturveka

Frå høgre: Prisvinnarane Aase Nerem Bø og Ole Arild Bø, varaordførar Bjarne Kvalsvik, Marthe Vågsholm Sævik frå Sparebanken Møre og kulturleiar Petter Ole Kopperstad.  - Klikk for stort bileteFrå høgre: Prisvinnarane Aase Nerem Bø og Ole Arild Bø, varaordførar Bjarne Kvalsvik, Marthe Vågsholm Sævik frå Sparebanken Møre og kulturleiar Petter Ole Kopperstad. Robert Skeide Under kulturkvelden søndag 26. juni, som avslutta Kulturveka, var det utdeling av Herøy kommune sine to kulturprisar for 2021. Varaordførar Bjarne Kvalsvik stod for utdelinga, og i denne artikkelen tek vi med litt tekst frå grunngjevinga.

Herøy kommune sin kulturpris gjekk til ekteparet Aase Nerem Bø og Ole Arild Bø. Prisen er ein statuett av kunstsmeden Steven Carpenter og blomar frå Herøy kommune, samt kr. 15.000 der Sparebanken Møre bidreg med halve beløpet.

Aase har gjort ein årelang innsats på eit allsidig område, m.a. som folkevald politikar, regionalt styreverv og engasjert i søndagsskule, misjonsbibelgruppe, bruktbutikk, diakon i Herøy Frikyrkje, og sunge i fleire kor, som t.d. koret til Herøyspelet, Herøy kyrkjekor, Cervix Vokales og Frikyrkjekoret. Ho har også vore aktiv i Amnesty, som arbeider med å betre menneskerettane til utsette personar i utlandet, og vore kontaktperson for Kirkens Nødhjelp i Herøy Frikyrkje. Ho har i sitt yrkesliv jobba som hjelpepleiar. Prisvinnar har i fleire tiår langt ned ein stor frivillig innsats på eit breitt felt, og til beste for storsamfunnet i Herøy, men har også hatt eit vake auge for tilhøva til folk i andre land. Ho har hatt frivillige verv i Frikyrkja, og er samstunds tverrkyrkjeleg engasjert. Talrike kaker har ho baka til ulike samkomer, og gjort sitt til at det kan haldast arrangement der folk kan samlast til hyggeleg mat og prat. Ho har ikkje vore opptatt av eiga ære, men vore villig til å bruke sine evner og ressursar til beste for storsamfunnet. 

Ole Arild er medlem i Herøy sogelag og har vore leiar i Herøy mållag og Amnesty Herøy. Han har også vore redaktør for Folk og Fortid i ti år og teke initiativ til og vore primus motor for kveldsmessa i Herøy kyrkje. Han fekk i gong Herøy mannskor, har vore ein mykje brukt talar både på 17. mai-festar og i kyrkjeleg samanheng og har i mange år gjort ein innsats for nærradioen. Han er utdanna cand.real. med hovudfag i oseanografi og var tilsett som lektor ved Ulstein vidaregåande skule frå 1984 til han fylte 70 år i 2017. Frå 1984 til dags dato har han budd i Herøy og engasjert seg i kulturlivet på mange område og dessutan svært tale- og skrivefør. Som far til barn i friidrett og handball har han vore ein støttespelar og stilt opp som funksjonær og på dugnad i Bergsøy idrettslag. Han var også med i dugnadsgjengen som fekk laga til turløypa på Tverrfjellet.

Barnekoret Noah med både dagens medlemmar og eldre. Heilt til høgre ser vi pris-mottakarane Janne Smoge Sævik og Torill Torvholm, saman med Ann-Mari Kvalsvik.  - Klikk for stort bileteBarnekoret Noah med både dagens medlemmar og eldre. Heilt til høgre ser vi pris-mottakarane Janne Smoge Sævik og Torill Torvholm, saman med Ann-Mari Kvalsvik. Robert Skeide

Ungdommens kulturpris gjekk til til barnekoret Noah på Remøya, med deira leiarar Torill Torvholm og Janne Smoge Sævik. Ein gjeng som opp gjennom åra frå år 2000 har vorte mange! Og dei har vorte ungdommar, og til dels vaksne. Dei har vorte leia av to personar som i lag har drive gjengen frå 1. til 7. klasse. Koret møtest annakvar tysdag til øving og hadde i 2020 gjort det i 20 år! Det er til saman ganske mange hundre øvingar og dei to leiarane er dei som ordnar alt. Dei tek både det praktiske, det sosiale og det musikalske. Dei passa på å nemne fleire gode hjelparar i takketalen sin, og det er ikkje få timar som blir lagt ned rundt borna. Det å drive frivilleg arbeid for sine eigne barn er noko mange gjer, men at dei heldt fram også etter at deira eigne barn vart for store til å vere med i koret, er imponerande. Det er på Remøy bedehus øvingane har foregått, dei har vore eit uvurderleg samlingspunkt og bygdas gledespreiarar. Etter som åra har gått har deltakarar også kome frå fleire av bygdene i Herøy. Resultatet for borna har blitt songglede og songtekstar som vil vere ein ballast for resten av livet. Koret er også svært viktig for bygda, dei fleste barna er med og det skaper samhald i foreldregruppe og mellom bygdefolket. Koret er også høgdepunktet på 17.mai-fest, adventsfest og julefest, på basarar og andre samlingar. Dei har også greidd det meisterstykket å ha mange gutar med i koret. Eit stort arbeid for å spreie songkultur og bedehuskultur på sitt beste – og denne gjengen er eit inkluderande fellesskap. Oppmuntring og meistringsfølelse – og ei venleg hand på skuldra. No har koret fått det same frå kommunen; Ungdommens kulturpris er på kr. 10 000, der Nordea bidreg med halve beløpet, samt ein statuett av kunstsmeden Steven Carpenter og blomar frå Herøy kommune.