Det er klart for innskriving i skulen

Pexels.com Innskriving ved skulane i Herøy er snart i gang. Det betyr at føresette som har barn fødde i 2016 snart får tilsendt særskild informasjon om dette.

Også i år er smittevernregimet strengt. Alle føresette som har elevar som skal starte på skule til hausten får oppsett tid og informasjon om oppmøte. Det er viktig at ein kjem til tida og ikkje ventar inne. 

Velkomen til innskriving! 

NB! Dersom du ikkje har motteke invitasjon til innskriving frå nærskulen din i løpet av januar, ta kontakt med rektor.

Kontaktinformasjon til dei einskilde skulane finn du her.