Det er tid for influensavaksine

Influensa Canva  

Vi er godt i gang med influensavaksinasjon. Det er viktig at personer i risikogruppa prioriterer å ta influensavaksinen.

Kven er i risikogruppa?

Alle kan verte alvorleg sjuke av influensa og nokre er meir utsette for alvorleg sjukdom enn andre. Det vert anbefalt at personar i risikogrupper tek influensavaksine årleg. Her finn du dei som Folkehelseinstituttet definerer som risikogruppe.

Kvar kan du ta vaksine?

Vaksine får du tatt på ditt fastlegekontor. Du må bestille time for å få vaksine ved å ringe, bestille time elektronisk eller sende SMS.

Korleis er tilbodet?

Dei ulike legekontora har tilpassa tilbodet til eiga drift.

Myrvåg legesenter:

Pasientar som har time med fastlegen eller på laboratoriet i perioden frå influensavaksine kjem i hus, 27.10.21, får tilbod om vaksine når dei er til vanleg legetimetime. Dei som veit dei skal til time treng ikkje bestille seg særskilt time til vaksinering.

Du kan bestille time slik:

Herøy legesenter:

Herøy legesenter har sett opp fleire ettermiddagar frå kl. 15.30-17.30 der det vil verte vaksinering. Dette er datoane:

  • Torsdag 11.11.21
  • Torsdag 18.11.21

Dei som veit dei skal til time treng ikkje bestille seg særskilt time til vaksinering. Det vert gitt tilbod om influensavaksine i den vanlege legetimen.

Det blir også nokre enkelttimar tilgjengeleg i timeboka.

Du kan bestille time slik:

Møt presis til timen, ikkje lenge før, ved ettermiddagsvaksinering.

Fosnavåg helsehus:

Du vil kunne få vaksine kvar vekedag mellom kl. 11.00-12.30

Du kan bestille time slik:

Koronavaksine eller influensavaksine?

Kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen er klar på at det er viktig å prioritere influensavaksinen.

- I tillegg til influensavaksine som du tek årleg, er det også viktig å ta pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse). Pneumokokkvaksinen skal det vere 5-10 år mellom kvar dose. Desse to vaksinane kan takast same dag. Men hugs: Det skal vere minst ei veke mellom desse to vaksinane og covid-19-vaksinen.