Det kjem mykje nedbør og vind

Det kjem mykje regn og vind onsdag og torsdag Canva    

Herøy kommune har i dag, saman med alle kommunane i fylket, vore i møte med Statsforvaltaren vedkomande det komande uvêret. Det er venta mykje nedbør og vind onsdag og torsdag.

Kva kan vi vente?

Det er meldt om at det kjem mykje nedbør frå onsdag ettermiddag til torsdag kveld. Det er venta 80-120mm/24 t. Enkelte stadar kan mengda nedbør kome opp i 150 mm/24t. Slik det ser ut no vil midtre og indre strøk få mest, men det er likevel viktig at vi er budd på situasjonen.

Det vert også kraftig vind frå vest.

Les meir om varsla her:

Varsom.no – snøskredvarsel

Varsom.no - regn

Korleis førebu deg?

Du kan sikre deg sjølv og dine eigedelar:

  • Sjekk slukar på eigedomen din og i nærområde
  • Sikre lause gjenstandar rundt eigedomen/eigedomane
  • Sjekk at båten er festa godt nok
  • Hald deg heime om du kan. Det kan verte vanskelege køyreforhold. Vegar og bruer kan verte stengde. Sjekk vegmelding på 175.no