Det kreative barnet

Klikk for stort bilete 

 Alle menneske er født kreative.

Det viktigaste vi kan gjere overfor barns kreativitet, er å legge forholda til rette for det. Alle mennesker er født kreative. Den enkelte sin kreativitet er ikkje noko konstant og uforanderleg. Den kan utviklast og hemmast gjennom livet.

2.klasse har dei siste vekene jobba med temaet "by og land" i samfunnsfag, Der har dei fått utfolda kreativiteten sin med å bygge sin eigen by. Her har kome villastrøk med dobbel garasje, dyrepark, bilvask, leilegheitskompleks, veg med gangfelt og fartsgrenser. Nokon av fartsgrensene overskrid nok dei fartsgrensene vi er kjend med å ha i tettbygde strøk, men menneska og dyra som bur i byen er heldigvis godt påpassa av det lokale politiet. Mange, kanskje halvparten av menneske som er busett her, vart sett bak lås og slå for ulike ugjerningar her ein dag. På slutten av dagen vart nokre av fangane sett fri,for dei hadde ikkje gjort ugjerninga med vilje. No er alle tilbake i sine respektive hus og eigedomar,- lagar middag og jobbar i hagen, meir eller mindre som "lyckliga gatan".

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete