Det skjer i Mulevika denne veka – redusert tilkomst

Klikk for stort biletePå tur til Mulevika I samband med innspeling av ein reklamefilm for Biotherm er det gitt løyve til å bruke parkeringsplassen i enden av Mulevikvegen i samband med filmproduksjonen. Det er også gikk løyve til å stenge deler av vegen i samband med produksjonen.

Det er mykje utstyr som skal fraktast utover og det er mange som skal vere med under filminga.

Kommunen har gitt løyve med  følgjande vilkår:

  • Løyvet gjeld i perioden 14.03.19-16.03.19
  • Eventuelt søppel og anna rot må ryddast vekk kvar dag etter endt produksjon.
  • Nødvendig utstyr kan stå på plassen så lenge løyvet gjeld, med det må leggast til rette for at andre kan bruke parkeringsplassen når der ikkje føregår produksjon.
  • Ved stenging av veg må der vere vakter som kan sleppe inn eventuelle naudetatar eller grunneigarar som har ærend i området. Sperringar må fjernast kvar dag etter endt produksjon.
  • Vegen kan stengast som vist under.

Klikk for stort bileteKart over kvar vegen vert stengd