Detaljreguleringsplan for Kleiva - utlegging til offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete   Formannskapet har vedteke å legge detaljreguleringsplan for Kleivaneset ut til offentleg ettersyn. Det gjorde dei 28.08.2019, F-sak 125/19, med heimel i §12-10 i plan og bygningslova.

I samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8, § 12-9 og § 12-10 vert Detaljregulering med namn kleivaneset lagt ut på høyring og offentleg ettersyn. Føremålet med planarbeidet er regulering av område avsett til sentrumsføremål i kommuneplanen sin arealdel. Den endelege avgrensinga til planen vil verte avklart som ein del av planarbeidet.

Planen med føresegn og planskildring, samt andre sentrale dokument i saka, er lagt ut på kommunen sitt Servicetorg. Ekspedisjonstida er frå kl. 0800 til kl. 1600.

Merknader merka med namnet til planen og planident 201899 kan sendast kommunen på e-post: postmottak@heroy.kommune.no  eller til Herøy kommune, postboks 174, 600 Fosnavåg innan 10.11.2019.

Frist for merknadar: 10. november 2019

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

 

Vedlegg til saka: