Drop-in influensavaksinering kvar torsdag

Klikk for stort bileteDu kan no kome innom helsestasjonen på Eggesbønes kvar torsdag for å ta influensavaksina. På bildet er det fastlege Silja Saure som får vaksine av leiande helsesjukepleiar Kari-Janne Ljones Kulø.  

No kan du kome innom helsestasjonen på Eggesbønes kvar torsdag mellom klokka 14 og 15 fram til og med 19. desember 2019 for å ta influensavaksine. Du treng ikkje å bestille time. 

Vi har gått tom for pneumokokk-vaksine (mot lungebetennelse), så inntil vidare kan det lønne seg å få resept med fastlege, hente vaksine på apotek som ein tek med til vaksinasjon på helsestasjonen.

Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine tilrådingar for kven som bør ta vaksinen:

  • Gravide i 2.og 3.trimester. Gravide i 1.trimester med annan tilleggsrisiko bør vurdere å vaksinere seg før influensasesongen.
  • Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheimar
  • Alle frå fylte 65 år
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg blir influensavaksine tilrådd for:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt.
  • Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar. 

Kjelde: fhi.no oktober 2019

Pris per vaksine:

Influensavaksine:            200 kroner
Pneumokokkvaksine:      400 kroner

Det er berre å møte opp, ingen timebestilling torsdagar mellom klokka 14-15 frå og med 7. november 2019 på helsestasjonen på Eggesbønes.