Du er ein del av beredskapen i Noreg

Eigenberedskap - Klikk for stort bilete

Kva gjer du om straumen skulle verte vekke i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke eller det ikkje er vatn i springen? DSB (Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap) har i samarbeid med Oslo kommune, starta ein kampanje - "Du er en del av Norges beredskap".

Hovudinnhaldet i kampanjen er konkrete råd om kva folk kan gjere for å førebu seg best mogleg dersom noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjoner – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avlaup.

Informasjon finn du her:

DSB sin artikkel

Kampanje og informasjonsmateriell

Sikker kvardag – råd og konkrete forslag til kva ein alltid må ha i heimen