Du kan etterregistrere koronavaksinar

Du kan etterregistrere koronavaksinar tatt utanfor Noreg. 

Kommunen vil gjerne at du som bur og oppheld deg her får etterregistrert vaksinedosane. Dette gjeld spesifikt deg som har norsk fødselsnummer eller d-nummer.

Det er ikkje ei plikt å gjere dette, men ei tilråding. Du hjelper då Herøy kommune med å ha ei oversikt over kor godt befolkninga er beskytta mot covid-19.

Du kan etterregistrere vaksinasjon ved å levere kopi av dokumentasjon til arbeidsgjevar, kommunen sitt servicetorg, teststasjonen ved Herøy helsesenter eller sende det i posten.

Adresse: Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg. Merk det med kommuneoverlegen.

All etterregistrering er gratis.

Godkjende koronavaksinar vil bli registrert i Nasjonalt vaksinasjonsregister (SYSVAK) og vist i koronasertifikatet.

Har du spørsmål?

Ved spørsmål, ta kontakt med kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen:

Tlf. 90 11 77 91

E-post: bjorn.martin.aasen@heroy.kommune.no