Du kan få gratis sjølvtest!

Mostphotos Herøy kommune har fått tildelt sjølvtestar for covid-19 som vi no gir ut til deg som bur og oppheld deg i Herøy.

Testane skal i all hovudsak nyttast til barn, unge og vaksne som har symptom på luftvegsinfeksjon, men som ikkje treng legetilsyn eller legevurdering. 

Til born og føresette

Alle barnehagar og barne- og ungdomsskular får utdelt testar. Testane i barnehage og skule skal gis ut til føresette og born som på førespurnad ønskjer slik sjølvtest. 

Det vert ikkje delt ut testar til alle heimar, då vi per no ikkje har nok testar til alle. Dette kan endre seg ved seinare forsyningar.

Kvar einskilde skule og barnehage sender ut informasjon til føresette om kvar ein kan vende seg dersom ein har behov for slik test.

Kva med oss som ikkje har born i skule og barnehage?

Både føresette til born og alle andre som bur og oppheld seg i Herøy, kan også hente seg sjølvtest på desse stadane innanfor opningstidene:

  • Servicetorg v/ Herøy rådhus (09.00-15.00)
  • Myrvåg legesenter (09.00-15.00)
  • Herøy legesenter, teststasjonen i tida (09.00-12.00), inngong er merka.
  • Herøy folkebibliotek (opningstider finn du her)

Du må ikkje ringe på førehand. Det er berre å kome innom.

Det er likevel viktig at du ikkje oppsøker desse hentestadane, skule og barnehage dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon. Send nokon for å hente for deg.

Testar er tilgjengelege ved legesentera fredag 1. oktober og ved servicetorg, skular og barnehagar frå måndag 4. oktober.

Korleis kontaktar eg teststasjonen?

Har du spørsmål om testing?Då kan du ta kontakt med testteamet i Herøy på tlf. 948 13 641 mellom kl. 09.00 - 11.00 (måndag - fredag).

Du kan også sende e-post: korona@heroy.kommune.no. Skriv testing i emnefeltet.

Korleis brukar eg sjølvtesten?

Her finn du video med norsk tekst og engelsk tale som viser korleis du gjennomfører testen, rettleiing og pakningsvedlegg.

Kvifor deler vi ut?

Årsaka til at vi deler ut hurtigtestar er for å skape ein låg terskel for test, og at ein raskt får avklara om ein kan møte på skule eller på arbeid.

Sjølvtest er eit enkelt verktøy for deg sjølv eller bornet ditt, i dei tilfella du kjenner deg litt snufs og har teikn på luftegsinfeksjon.

Har du feber og nedsett allmenntilstand skal du halde deg heime.

Sjå gjerne flytskjema under om du er usikker. (PDF, 104 kB)