Ei litterær reise gjennom Europa – frå hovudstad til hovudstad

Europakart og flagg. - Klikk for stort bileteDøme på korleis klasseromma ser ut framover. Marit Lillestøl

Elevane på 5.7.trinn er klare for nytt leseprosjekt.

I veke 57 skal elevane på Bergsøy skule avd. 57 lese seg gjennom Europa.

Kvart år har elevane eit felles leseprosjekt som går over nokre veker. I år skal elevane lese sjølvvalde bøker der tida dei les vert veksla inn i avstand frå land til land og frå hovudstad til hovudstad. Kartet i klasserommet syner med nåler kvar elevane til ei kvar tid befinn seg. 

Elevane startar heime i Noreg og skal lese seg til Sverige, Danmark,Tyskland, Italia, Frankrike, Storbritannia og Island. I kvart land får dei tverrfaglege oppgåver knytte til landet dei er i. 

Vi takkar folkebiblioteket for godt samarbeid og god hjelp til boklån.