Ei ny næring i vinden

Klikk for stort bilete

I Noreg har me hausta tare frå fjøra sidan før vikingtida. Men no i dag fins det nye former for å skaffe havets grønsaker – å dyrke taren, på lange tau under vassflata.

I samband med den nye næringa taredyrking, har Herøy kommune saman med Tango Seaweed, Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) og Runde Miljøsenter no gjennomført prosjektet "KOM TIL TARE", med mål om å gjere det enklare å søke om løyve til å dyrke tare.

Tidligare har det vore ein innvikla prosess som er tilrettelagt for vanleg oppdrett av fisk, der søknadsskjema ikkje har vore tilpassa for tang og tare.

Tango Seaweed, med Annelise Chapman opplevde at dette vart eit hinder for å søke etter konsesjon og gjorde det unødvendig komplisert å søke konsesjon for å starte å dyrke tare.

Satsar på høg kvalitet

Tango Seaweed, fekk sist haust løyve til å dyrke tare i flytande anlegg i Herøy Kommune og håpar på å hauste tara frå desse no i år. Annelise Chapman fortel at Tango Seaweed har begynt med første innhausting av tang, då av arten Butare, og det virka som den har ein bra kvalitet. Vidare seier ho at i år skal dei teste ulike metodar for å ta taren på land, og korleis best stabilisere og pakke taren.

- Vi har allereie hatt kontakt med potensielle kundar som har lyst å kjøpe, men vårt fokus i år er på læring, slik at vi kan garantere et godt produkt med ein høg kvalitet framover. Kundane er viktige å ha med på laget for å bestemme kva de vil ha – fordi ‘tang er ikkje bare tang’. Smaken, konsistensen og forma er nokon av dei tinga vi skal jobbe med, fortel Chapman.

KOM TIL TARE- prosjektet

KOM TIL TARE  Står for KOMmunal TILrettelegging for TAREdyrking i kystsonen, og har hatt eit mål om å gjere det lettare å søke om løyve for å starte taredyrking i kystsonen, då søknadsprosessen  per dags dato er tilrettelagt for akvakultur av fisk.

Prosjektet er gjort mogleg med midlar frå Regional Forskningsfond Midt (prosjektnummer 272105) og frå private og kommunale midlar. Prosjektet har også hatt ein stor nytte av Marine grunnkart frå NGU, då dei er ein stor del av kartverktøyet.

Tre konkrete ting står igjen etter prosjektet:

  1. Ein rapport frå NIVA som går heilskapleg gjennom den vitskapelege delen av taredyrking og kva konsekvens det mogleg kan ha på miljøet. Her finn du rapporten (pdf).
  2. Ein web-assistent som kan nyttast for å læra meir om taredyrking og for hjelp med ein eventuell søknad. Her finn du web-assistenten , eller om du ynskjer den som PDF, finn du
    web-assistenten her.
  3. Eit kartverktøy som er spesialtilpassa for taredyrking, og inneheld informasjon og kartlag som ein treng når ein skal finne ein lokasjon for å starta taredyrking og for å lage kartvedlegg til søknaden. Her finn du kartverktøyet .

 

Ynskjer fleire taredyrkarar velkomen

KOM TIL TARE har fokusert på tilgang til sjøareal for makroalgedyrking, og dei praktiske utfordringane med å søke konsesjon til det. Prosjektet og resultata, då assistenten, nettsidene og kartverktøyet – rettar seg difor særleg mot potensielle taredyrkare og mot forvaltningsmyndigheitene involverte i søknadsprosessen for konsesjon om taredyrking.

Her kan du lese meir om prosjektet på web-assistenten

Frå Herøy kommune har Ole Magne Rotevatn og Espen Bergø bidrege til prosjektet, der Espen har stått for å utforme kartløysninga og heimesidene. Ole Magne fortel:

- Når Tango Seaweed tok kontakt med Herøy kommune for å diskutere «tilrettelegging for taredyrkarar», var vi vel ikkje heilt klar over kva dette innebar, men vi var veldig klar for å bli med på eit slikt prosjekt. Det vi no sit att med er eit kjempegodt verktøy for dei som vurderer å starte taredyrking, men også alle andre som driv med akvakultur i sjø enten det er fisk, skjel eller tare.

Espen seier at det har vore ei spanande ferd frå prosjektet starta, med mange spanande utfordringar; frå å vere med å intervjue taredyrkarar, utvikle eit kartverktøy og til å utforme nettsidene for prosjektet, og legg til:  

- Det blir spanande å sjå kva slags varer av tang og tare ein kan finne i butikkhyllene i framtida, kanskje kjem det tarechips?

Frå prosjektet har kommunen lært ein heil del om taredyrking og ser fram til å følgje denne næringa i framtida, då me ser at den har eit stort potensial her i Herøy. Som ein kystkommune er me særs spent på å sjå kva denne nye næringa kan bidra med i samfunnet.

Herøy kommune er stolt av kva prosjektet har oppnådd, og ynskjer fleire taredyrkare velkomen til Herøy!