Eigne kontainarar til strandryddesøppelet er på plass

Klikk for stort bileteGjer som Britt Paulsen ved Herøy frivilligsentral: Kast strandryddeavfallet ditt i ein av kontainarane. Her frå den i Myrvåg. Iselin Nevstad Øvrelid Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) har plassert ut to kontainarar i Herøy, slik at det skal verte enkelt for deg å bli kvitt søppelet du har plukka langs strandkanten og i naturen elles.

Plastsøppelet du plukkar kan sjølvsagt kome frå andre plassar enn strandkanten også. Finn du det i grøftekantar eller kratt vert det framleis rekna som strandryddeavfall. Plasten finn uansett vegen til havet om vi ikkje fjernar det. 

Dette er eit tiltak som er sparka i gang frå SSR og Sunnnmøre friluftsråd. Målet er å bidra til å minske mengda med plast i havet, og er eit av tiltaka knytt til årets TV-aksjon. Årets aksjon handlar nemleg å minske mengda med plast i havet i søraust- Asia der det er massive problem med forsøpling.

Kvar finn eg kontainarane?

Den eine konteinaren finn du på parkeringsplassen i Myrvåg utanfor Kiwi/Pekas. Den andre finn du ved Herøy kulturhus. Desse vert merka med «strandrydding» og her kan du levere plukka søppel i strandryddesekkar.

Klikk for stort bileteDen andre kontainaren står utanfor Herøy kulturhus. Iselin Nevstad Øvrelid

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvar får eg gratis strandryddesekkar?

Sekkar og hanskar kan du få i servicetorget, ved Frivilligsentralen, SSR på Mjølstadneset og SSR i Saunesmarka.

Konteinarane vert ståande til ut i veke 43 (neste veke), altså nokre dagar etter at TV-aksjonen er ferdig.

- Vi oppmodar om å ta ein tur i fjøra anten denne veka eller i helga og samle inn søppel. Det er også ein fin måte å bidra på, kommenterer Britt Paulsen ved Herøy frivilligsentral.

 Les meir om TV-aksjonen her.

Klikk for stort biletePlastrot i naturen må ryddast. Før eller seinare hamnar det i havet vårt om ingen fjernar det. Iselin Nevstad Øvrelid