- Ein briljant idè

Klikk for stort bileteProsjektleiar Edvin Eri Pettersen testar ein av dei nye parkbenkane som står på oppsida av Thon Hotel Fosnavåg

Prosjektet ’Utsikten’ held fram med å gi Fosnavåg sentrum eit ansiktslyft. No har det kome på plass fire nye parkbenkar samt ei renovasjonsløysing.

Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Thomas Teige Sporsheim 

På piren ved gjestebrygga på Holmsild står det no to benkar. På eine er det plass til ein rullestolbrukar. Plassen er integrert i parkbenken og merka med handikapskilt. Det same gjeld for den eine benken på oppsida av Thon Hotel Fosnavåg.  

- Handikapplassen på benkane blei til etter eit forslag frå ein av kandidatane i arbeidsgruppa. Det berre kom opp ein briljant ide om å få det til. Og utan nokon plantegning eller liknande så blei det berre til etter idèmyldringa, smiler Edvin Eri Pettersen som er prosjektleiar for ’Utsikten’.

 

Renovasjonsløysing

I tillegg til nye benkar er det også kome på plass ei renovasjonsløysing for flasker og søppel saman med benkane på oppsida av hotellet. Den er også merka med skilt. 

- Vi oppmodar folk om å bruke bossdunken og håpar at benkane vert godt mottatt også blant båtfolket på piren, seier han.

 

- I forbindelse med at skjørta no er ferdig skifta så er gruppa i gong med å spyle reine gjestebryggene, seier prosjektleiar Pettersen som håpar det er til glede for gjestar som kjem til Fosnavåg denne helga.

 

Arbeidsgruppa ’Utsikten’ vil etter kvart sette ut fleire bossløysingar og parkbenkar på utvalte områder.

 

 

 

Klikk for stort bilete