- Ein fin søndagstur for ei god sak

Ordførar og aksjonsleiar Bjørn Prytz oppmodar om å bli med som bøsseberar. Thomas Sporsheim   Vi treng bøsseberarar til TV-aksjonen søndag 24. oktober. Her ser vi ordførar og aksjonsleiar Bjørn Prytz vise fram det gode bodskap.

I år er den tradisjonelle bøsseberar tilbake, i tillegg til alle dei digitale som blei nytta i fjor. Det er Plan Internasjonal som får dei innsamla midlane som skal nyttast i kampen mot barneekteskap – derfor slagordet «Barn – ikkje brud». TV-aksjonen skal i år gi jenter moglegheita til å velje si eiga framtid. Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda.

Håpar på betring

I fjor samla Herøy kommune inn 43,55 kroner per innbyggar. Britt Paulsen som er koordinator for TV-aksjonen og leiar ved frivilligsentralen, håpar på betring i år.

Britt Paulsen og Olaug Andreassen er klare for årets TV-aksjon. Thomas Sporsheim  

- I år har vi lyst å kome tilbake til normalen med gode bøsseberarar. Vi har eit mål om å dekkje heile kommunen med bøsseberarane. Til det treng vi 150 personar som kvar går med bøsse i om lag ein til to timar. Startsskotet for TV-aksjonen søndag 24. oktober er kl. 14. Det er ein fin søndagstur for ei god sak, seier Britt Paulsen. I september hadde dei ansvarlege for TV-aksjonen i Herøy kommune besøk av fylkesleiar Ulla Hay.

Her har du høve til å gi eit bidrag til Herøy kommune sin spleis til TV-aksjonen.

Her kan du følgje med på innsamlinga.

Meld deg her for å gå med bøsse. Ein kan også kontakte rodeleiarane direkte, dei er:

Runde: Kaja Runde
Remøy: Marthe Vågsholm Sævik
Leine: Linn Therese Sævik
Bergsøy: Olaug Andreassen og Therese Haugen
Tjørvåg: Guro Kvalsund Aksnes
Frøystad og Røyra: June Pettersen
Bø og Sande: Silje Vågsholm
Myrvåg: Petter Myrvågnes
Leikong og Jøsok: Erling Kleppestrand
Moltustranda: Heidi Tarberg
Kvalsund: Pia Erntsen
Kvalsvik: Ingvill Beate Sævik Bjørneset

Halvparten blir gifta bort

Midlane skal gå til å arbeide med å forhindre barneekteskap i fem ulike land, tre i Afrika og to i Asia. Til dømes blir meir enn halvparten av alle jenter i Bangladesh gifta bort før dei fyller 18 år. Dette skjer trass lover som forbyr barneekteskap. Tradisjon og kultur trumfar dessverre ofte nasjonale lovar.

Midlane som blir samla inn i TV-aksjonen skal mellom anna:

  • Gi jenter relevant yrkesopplæring og opplæring i entreprenørskap
  • Støtte ungdomsgrupper og lokale organisasjonar i deira kamp mot barneekteskap
  • Drive opplysingkampanjar lokalt for å få ut informasjon om at barneekteskap er forbode.
  • Arrangere foreldrekurs i omsorg og ikkje-valdeleg oppdraging
  • Trene helsepersonell og lærarar i seksuell og reproduktiv helse.
  • Les meir om kva pengane går til her.