Ein stor takk!

Klikk for stort bileteKLP boka

Gunnar Roseth var ein av finalistane til å vinne prisen "Ein stor takk!" frå KLP.

Gunnar Roseth er fagleiar i teknisk drift, Helse og omsorg. Etter tips frå driftsteknikar Matthias Friedrich sende avdelingsleiar inn nominasjon til KLP sin Jubileumskonkurranse "Ein stor takk". Av over 950 nominasjonar, som alle haldt høgt nivå, var Gunnar blant dei 30 beste!

Dei 30 finalistane vart heidra i boka som KLP har gitt ut i forbindelse med sitt 70 års jubileum; "Takk til alle som har hjertet med seg på jobben". Boka er ein hyllest til arbeidsheltar som er så viktige for arbeidsplassane sine, og for samfunnet vårt.

Dei fine orda frå boka les du under her. Stor gratulasjon til Gunnar. Vi er heldige som får jobbe i lag med deg!!

Klikk for stort bileteKlikk for stort bilete

Klikk for stort bilete