- Elevane fekk verkeleg utfordra seg

Her kjem nokre smakebitar frå då valfaggruppa i programmering 10.trinn frå YHU deltok på First Lego League i Ålesund i helga.

Konkurransen var på Norsk Marint Kompetansesenter der oppdraget var Cargo Connect. Der er alle er avhengige av transport av produkt for å dekke dei daglege behova sine. Gjennom å arbeide med temaet Cargo Connect vart elevane utfordra til å tenkje ut ulike idear til ulike måtar å transportere last på.

YHU mot Rosa elefanter frå Ellingsøy barne- og ungdomsskule.Laga skulle vise fram sitt prosjekt for eit dommarpanel som skulle vurdere dei ut frå problemstilling, design, innovasjon, nytenking og korleis dei marknadsførte produkta/planane sine.

Alle hadde bygd sin eigen robot som dei skulle køyre konkurranse/kamp på tid mot dei andre skulane. Her køyrde dei på ei kjend løype med ulike oppdrag robotane skulle utføre. Klassene fekk poeng etter kor mange og vanskeleg oppdrag dei greidde med sin robot innafor tidsramma.

På standområdet i kjellaren på Norsk Marint Kompetansesenter hadde laga stand der dei marknadsførte og demonstrerte prosjekta sine.

- Elevane fekk verkeleg utfordra seg både i forarbeidet med prosjekta, men også på sjølve konkurransedagen. Etter å ha sett og opplevd alle dei gode prosjekta og ideane ungdomane har jobba fram  har vi tru på at her er mange nye innovatørar i åra som kjem, seier Hilde Beate Hestås, avdelingsleiar Oppvekst.