Elevrådet på Borga

I dag kunne elevrådet endeleg konstituere seg. Det har vore ein del sjukefråver i alle klassene siste tida, men i dag stilte heile denne flotte gjengen.

Malin vart leiar, Adele nestleiar og Aron vart sekretær.

Opplæringslova seier at alle skular som har elevar frå 5.trinn og oppover skal ha elevråd. Ein vaksen på skulen skal hjelpe til. Elevane skal jobbe for tiltak som aukar trivsel og gir god læring.

Vi gler oss til mykje kjekt elevrådsarbeid!