Elvis og Beatles: lunsjkonsert 21. september

Er du over 60 år? Kom på lunsjkonsert med gode historier og god prat. Berre møt fram, du treng ikkje billett. 

Dei to artistane Johan Christer Novsjø og Yngve Fritiof Kristiansen - Klikk for stort bileteJohan Christer Novsjø og Yngve Fritiof Kristiansen gir deg musikken til Elvis og The Beatles. pressefoto

Torsdag 21. september blir det gratis musikk og møteplass i foajeen mellom Fosnavåg konserthus og Thon Hotell Fosnavåg.

Program

12.00: ope, prat og kos, høve til å kjøpe smørbrød, kake og kaffi

13.00: musikk til cirka 14.30

Kom åleine eller saman med nokon! 

Gode historier

Musikarane Johan Christer Novsjø og Yngve Fritiof Kristiansen tek for seg det fantastiske repertoaret til to gigantar i musikkhistoria: Elvis Presley og The Beatles. 

Konserten blir pepra med hitar og gode historier om artistane. Historiene knyter konserten saman på humoristisk vis.

Dette er eit samarbeid mellom Fosnavåg konserthus, Thon Hotell Fosnavåg, Den kulturelle spaserstokken og Olympic kulturfond.