Endeleg open brannstasjon

Brannsjef Finn Ulvund og Lene Utseth gler seg til den opne brannstasjonsdagen. Thomas Sporsheim Etter to år med pandemi er brannvesenet veldig glade for at dei no kan invitere små og store til open brannstasjon.

Komande laurdag, 24. september, vert det open brannstasjon som ein del av den nasjonale Brannvernveka i regi av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og forsikringsselskapet If.

Tidspunktet er ikkje tilfeldig sidan hausten markerer inngangen til ei tid på året då mengda av bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av høgare straumforbruk og meir bruk av levande lys.

– Fleire har venta lenge på å kunne besøke brannstasjonen og vi er veldig glade for å opne dørene, og ta imot alle som vil lære litt om brannvern og sjå korleis vi har det på brannstasjonen, seier brannsjef Finn Ulvund.

På Herøy hovudbrannstasjon vert det invitert til open dag, laurdag, 24. september frå kl. 12:00 – 15:00.

– På open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det vert konkurranser for barna med premietrekking i etterkant og du kan få sitje i brannbilen. Vi håpar mange tek turen og er klare for eit storinnrykk, seier brannsjefen og resten av mannskapet frå Herøy brann og redning.  

Øv for å vere førebudd

Skuler og barnehager har krav på å gjennomføre brannøving. Heime har ein ikkje det same kravet, difor må ein sjølv ta ansvar for det. Årleg brannøving heime hos ein sjølv vil bidra til at alle i større grad veit kva dei skal gjere dersom ulykka fyrst er ute.

– Vi oppfordrar alle til å nytte Brannvernveka til å ha ei brannøving heime. Det treng ikkje vere så komplisert. Avtal møteplass og kven som gjer kva i tilfelle brann. All erfaring syner at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar, taklar dei best, seier Lene Utseth, Førebygging ved brann- og redning.

Tips til brannøving heime:

  • Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet, om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.

  • Prat om kva ein skal gjere dersom det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa?  Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tar ansvar for kvart einskild barn og snakk med barna om at dei ikkje må gøyme seg.

  • Bli enige om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassen eller bossbøtta.
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle å kome seg ned brannstigen?
  • Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
  • Ein skal vite kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det vert brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.

Ha ladevett – og lær deg dei 10 Ladevettreglane:

1. Lad i rom med røykvarslar.

2. Lad når du er vaken og til stades.

3. Les og følg bruksrettleiinga frå̊ produsenten.

4. Bruk helst original ladar.

5. Lad på̊ eit underlag som ikkje lett kan brenne.

6. Ikkje lad i senga.

7. Ikkje lad i korridor eller i trapperom. Dei må̊ kunna brukast som fluktveg ved brann.

8. Byt ut skadd utstyr.

9. Stopp lading dersom det kjem lydar, lukter eller vert unormalt varmt.

10. Ved røyk og flammar, ring brannvesenet på̊ 110.

Ladevettreglane er utarbeidde av DSB, Norsk brannvernforening og forsikringsselskapet If, og blei lansert i forbindelse med Brannvernveka 2021.

Kontaktperson frå Brannvesenet:

Brannsjef: Finn Ulvund, tlf: 90798137  e-post: finn.ulvund@heroy.kommune.no

Førebyggande: Lene Utseth   tlf: 99210002  e-post: lene.utseth@heroy.kommune.no     

For spørsmål om den nasjonale Brannvernveka, kontakt:

Tor Erik Skaar, kommunikasjonsrådgiver i Norsk brannvernforening

Tlf.: 917 24 306, tes@brannvernforeningen.no