Endelig kom sommaren

Klikk for stort bileteEndelig kom sola og sommaren. Vi har mange kjekke aktivitetar ute, og gler oss over at det vert varmare og varmare, og snart kan vi stikke føtene i sjøen også. Skal tru om det vert badetemperatur ?

Det er så mykje ein kan oppleve og utforske no. Tur til fjøra i Rødvika der vi finn krabbar, skjel, små ål, tangloppe og mykje anna. For nokre er det kanskje fyrste gong ein duppar føtene i sjøen. Og tenk at ein kan bruke skjell til å forme bokstavar. Turar i nærområdet der vi får mate sauene og gå ein laaang tur for små føter. Rosarussane har hatt pyjamasfest og fekk lage si eiga personlege t-skjorte som det kun finnast 1 av i heile verda. Og Henry Dunant har vore hjelparen vår når vi lærer litt om fyrstehjelp.."spørje kva har skjedd, hente hjelp, og gi fyrstehjelp". Dei største borna øva også på stabilt sideleie, og så fekk dei diplom som bevis på at dei faktisk kan litt om fyrstehjelp no. Vi ynskjer oss mange slike fine dagar før det vert sommarferie. Og så ynskjer vi rosarussane lykke til med eit nytt spennande år som ventar dei. God sommar.